Frukost ved fjorden
17. desember 2025 09:00 - 11:00
Adresse: Åkrafjordvegen 1105, 5596 Markhus
Kom og høyr den fascinerande historia som fann stad i adventstida for 61 år sidan. Då la eit underleg køyretøy ut på ei eventyrleg reise gjennom 12 land - frå Noreg, gjennom Europa, Midtausten, via India og til det vesle fjellandet Nepal. (trykk på bilde, så kjem all teksten)
Tre familiar. 6 vaksne og 6 born vart rista saman i ein heimelaga bubil i 5 veker og 11 000 km. Eit av borna som var med, var den då 6 år gamle Magne Raknes frå Bømlo. Han kjem til Åkrafjordtunet med ei bildeforteljing frå turen, med dagboknotat og bilete frå faren Albert Raknes som kastar lys over den unike adventsreisa. Og litt om korleis livet artar seg for han i åra etterpå. Me set stor pris på at Magne kjem for å dela denne spesielle historia med oss. Bli med du og, på siste Frukost ved Fjorden før jul.

